For en tid tilbake etterlyste jeg skildringer fra krigens dager på Sjoa, og i dag fikk jeg en epost fra Kjell M.Resset.Vedlagt lå et dokument der man kan lese Kjell og familiens egne opplevelser rundt krigen på Sjoa.
Kjell M.Resset er den minste i en søskenflokk på seks som bodde på Solhaug midt i Sjoa. Mange av dere kjenner helt sikker til hans søster, Solveig Bådstoløkken, som fortsatt holder til i barndomshjemmet.
Dette er fantastisk lesing, og jeg ønsker dere en god reis tilbake i tid.
_________________________________________________________
Krigstid
Krigen kjem til Sjoa
av Kjell M.Resset
Våren 1940 låg mørke ufredsskyer over Europa. Sjølv om det etter kvart vart meldt om krigshandlingar ute i verda, verka det nok temmeleg utenkjeleg at dette skulle nå opp til oss i Kolomoa – -.
Men det utenkjelege skjedde! 9. april fekk ein det heile kloss innpå livet gjennom meldingane om krigshandlingar i og ikring Oslo og andre plassar i fedrelandet. Nå var det alvor! Tyskarar med tilhøyrande kamphandlingar kom stadig nærmare oppover dalen.
Etter kvart kom det grønkledde – i fyrste omgang norske – soldatar til Sjoa. Men nokre dagar seinare kom også ei mengd engelske militære nordafrå. Desse hadde blitt landsett dels på Åndalsnes og dels i Trondheim. Oppgåva til desse norsk/britiske styrkane var altså å ”stoppe tyskarane”, og det skulle skje i Kvam!!
Kring midten av april krydde det såleis av soldatar i Kolomoa. Krigen var komen til Sjoa! For oss ungane som ikkje forsto så mykje av det heile, var dette sikkert ei spennande oppleving. Men for dei vaksne var sjølvsagt det heile berre skræmande og tragisk.
Over oss dundra flya svarte og trugande. I desse dagane var det engelskmennene som prøvde å bombe strategiske mål som tog og bruer. Dette for å hindre den tyske frammarsjen.
Når flya kom durande, rømde vi alle nordi skogen og gøymde oss under ein stein der. Fleire gonger var bombemålet den nye Kolobrua frå 1938. Brua vart ikkje råka direkte, men dei enorme eksplosjonane var ikkje mindre sjokkerande av den grunn – -. Og i åra etter krigen kunne vi tydeleg sjå bombekratera i steinurda under brua.
Under eitt av bombetokta vart han far, ho mor og ho Solveig av ein eller annan grunn att inne. ”Interessant” som dette var, stod han far ved eitt av glasa og såg bombene falle! Lufttrykket frå eksplosjonane var så kraftig at sagflisa røss, glasa bles opp og han far vart slengd på ryggen bortover golvet!
Evakuering
Telefonsentralen var sjølvsagt strategisk viktig, så nokså raskt kom det norske militære og overtok denne.
Vi vart jaga på dør og måtte evakuere i ein fart.
Nå var det berre å pakke saman det mest nødvendige av mat og klede og eventuelle verdisaker. Sårt var det å bryte opp og ta avskil med Solhaug og alle kjære tinga som måtte etterlatast der, ikkje minst dyra som stod att i fjoset. Det var så mykje ein skulle hatt med, og så lite ein fekk med seg når alt måtte berast på rygg og i hender.
Framtida var uviss – kva ville ein finne att når ein ein gong kom attende hit? Brått og uventa var vi flyktningar i eige land.
Men kvar skulle vi gjera av oss? Fyrste stopp for oss vart Milbakken – eit lite bruk inntil riksvegen litt sør for butikken. Her vart vi over natta. Heile tida høyrdest nå fjerne kanondrønn og knitring frå handvåpen frå dei harde kampane som rasa i Kvam, ei snau mil lengre sør. Når mørkret seig på, kunne ein også sjå lysskjæret frå alle brannane der sør – ikkje minst da kyrkja vart skoten i brann. Alt dagen etter flykta vi vidare til Vassrusten like ved.
Det var nettopp i desse timane at tyskarane braut igjennom i Kvam, og til Vassrusta kom det brått fullt med norske militære som var på full fart nordover unna tyskarane.
Vassrusta var derfor ikkje noko ”blivende sted” for oss – - – -.
Nå gjekk turen opp gjennom skogen til Dalum – ein noko avsidesliggjande gard like oppunder Koloberget. Det blir fortalt at han far sleit seg oppover bakkane med minsteguten (Kjell som fylte 2 år denne dagen) under eine armen, spikjiskinka under den andre og ein sekk på ryggen!
Fleire og fleire fann etter kvart vegen hit opp til denne relativt trygge tilfluktsstaden. Etter kvart var mest halve bygda samla der – meir enn femti stykke på det meste. Og alle var velkomne, jamvel om dei i familien Dalum sjølve i utgangspunktet var på sju personar med smått og stort, og husværet ikkje var større enn det trongst.
Folk ”budde”, låg og sov overalt: på golv, i kjellar, på loft og i stabbur. Ymse slags sengeklede hadde folk bore med seg – åkle, stikkateppe, ullteppe, saueskinnsfellar. Her vart det ”ei salig blanding” av små og store, unge og gamle.
Matstellet var ”kollektivt” – alle bidrog med sitt. Ingen svalt – snarare var det vel for dei fleste både meir og betre mat enn til vanleg. Kvinnfolka kokka på komfyren og om kvelden vart parafinlampene tent – det var ikkje innlagt straum enda i Dalum.
For oss ungane var det nok mest spennande å ha så mange folk og stor aktivitet rundt seg både dag og natt. Her var mange å leike med og mykje å finne på sjølv om vi vart jaga inn att kvar gong dei tyske flya kom dundrande.
Men ein kan vel tenkje seg at dei vaksne nok hadde sine tunge stunder med grubling over framtida og det som var att heime.
To gonger i døgnet måtte karar gå ned i bygda for å stelle dyra som var att der. Frå vår familie var det stort sett han Hans som fekk denne jobben. Han fortalde at når dei var i fjoset og stelte, stod det alltid ein soldat med gevær i fjosdøra og passa på!
Ein liten kuriositet i alt alvoret: Han far fekk den fyrste tida ikkje lov til å vere med ned att i bygda. Ein slik høg, rank og mager mann med bart var altfor lik kong Haakon til at dei tok sjansen på å ha han med seg!!
Etter nokre døgn roa det seg i Kvam. Britiske soldatar som ikkje var falne eller tekne til fange, var nå på flukt nordover. Redde, svoltne, motlause og frosne sleit dei seg fram i ulende – helst langt frå vegar og bustader. Såleis såg ein dei frå Dalum oppe i bratte berget eller ute i skogen. Desse vart vinka inn, og dei som drista seg innom, vart stelt godt med og nista ut for vidare flukt. Han far, som altså hadde vore i Amerika, var den einaste som kunne såpass engelsk at han kunne rettleie dei om rømmingsvegar vidare. Korleis det gjekk med dei, er uvisst, for trefningane heldt nå fram nordafor Sjoa. Det var det ikkje vanskeleg å høyre – -.
Etter kvart stilna det heile av. ”Slaget om Kvam” var over, og likeeins kampane på og ikring Otta. Vi kunne takke for hjelp og samvær i ei vond tid i Dalum og flytte heilskinna ned att kvar til sitt.
Krigskvardag
Grenda vår slapp nok relativt heldig frå desse invasjonsdagane våren 1940. I Kvam veit vi det brann ned om lag 70 bustadhus i tillegg til Kvam kyrkje. Også på Otta var det kampar som kosta liv i tillegg til store materielle øydeleggingar. På Sjoa derimot, var det ingen materiell øydelegging (Kolobrua greidde seg altså), og heller ingen menneske som miste livet.
Attende på Solhaug var det godt å oppdage at alle husa stod slik vi hadde reist frå dei. Likevel var det ikkje vanskeleg å sjå at vi hadde hatt ”gjestar” dei dagane vi hadde vore borte. Dei hadde nok ”gløymt” både å vaske opp og å reie opp sengene etter seg – -. Men dette var bagatellar, for elles var det meste heilt og i stand. Så etter ein skikkeleg rundvask var heimen vår den gode gamle att!
Men krigen var ikkje over. Den kom til å setje sitt spesielle preg på bygda vår også dei fem neste åra.
Under heile krigen var det ei mengd soldatar stasjonert rundt ikring i bygden – mest tyskarar, men også ein god del frå Østerrike. Soldatane okkuperte ungdomshuset Furulund, Skogheim skule og elles heldt dei hus på søre og nørdre Kolloen. I tillegg var det frå tid til anna mange kamuflasjefarga telt å sjå rundt omkring.
Og medan andre i stor grad kunne avvise dei grønkledde og nekte dei å kome innom dørene, var ikkje det aktuelt på telefonsentralen. Her kravde dei tilgang når det passa dei! Verst var det når befala kom, for dei kunne vere temmeleg bryske. Da vart ho mor alltid noko rastlaus og ”stram i maska”. Ho var forsiktig så ho ikkje provoserte, men pusta letta når slike ”besøk” var over.
Heller ikkje var det særleg triveleg når dei ringde om nettene – og det skjedde svært ofte. Da var det ikkje like hyggeleg å ”lye på”. Og det kunne rimelegvis ofte bli så som så med søvn etterpå – -.
Mange av dei menige vanka ofte innom heime. Desse besøka vart nok for oss opplevd som meir avslappa og ”ufarlege” enn det som var tilfelle når dei med stjerner, slitekantar, høge luver og dominerande stemme marsjerte inn over golvet – -.
Rett nok kan ein ikkje snakke om venskap i vanleg forstand. Men desse unge gutane – dei fleste meir eller mindre ufrivillig utkommandert – hadde sikkert eit visst behov for litt andre og meir menneskelege inntrykk enn det dei til dagleg opplevde i forlegningane sine.
Ho Ruth, som på denne tida var i 20-års alderen, var alltid rask til å ”rømme” opp på syrommet sitt når soldatane kom. ”Slike folk” ville ho ikkje ha noko med å gjera!
Spesielt han Harald kom gjerne i kontakt med desse karane – noko ho mor var så passe glad for! Men for honom var dette fyrst og fremst av eigeninteresse: Han var av natur nysgjerrig på alt, og ville skaffe seg kunnskap omkring land, folk og språk. Tidvis inviterte han nok også, som den anti-nazisten han var, til politiske diskusjonar, men da vart ”gjestane” fort tagale. Dei våga nok ikkje å markere kva dei eigentleg meinte om krigen, nazismen, Hitler og heile den tragedien som dei hadde blitt ein del av.
For å lære seg litt norsk, kom ein av desse soldatane med sin eigen Bibel. Ved å samanlikne tekstene i denne bibelen med den tilsvarande norske utgåva som vi hadde, greidde han nok etter kvart å tileigne seg litt elementær norsk-kunnskap!
Etter som tida gjekk, vart vi meir eller mindre på eit vis fortrulege med ”dei nye naboane” våre. Det var stadig tyskarar å sjå rundt ikring – av og til i taktfast marsj i samla tropp forbi på vegen og elles enkeltvis plystrande og vinkande til oss ungane.
I det heile tatt var soldatane interessert i kontakt med oss små – sannsynlegvis var mange av dei sjølve fedre med eigne barn i heimlandet. Men vi vart sterkt innprenta om ikkje å ha kontakt. Spesielt måtte vi for all del ikkje bli med innomhus der tyskarane heldt til. Dette vart respektert, men likevel kunne ingen hindre oss i å ta imot godsaker som drops og sjokolade -. Ein kan enda den dag i dag i visse situasjonar kjenne den spesielle smaken og lukta av desse godsakene!!
NS-folk var det lite av på Sjoa – hovudsakeleg berre avgrensa til eit par familiar. Og når nokon av desse av ein eller annan grunn kom innom, minnest vi at det gjerne nokså raskt utvikla seg til høglydte diskusjonar. Mor, som tydelegvis må ha vore både temmeleg modig og heilfrelst anti-nazist, var overfor desse overløparane ikkje redd for å fortelje kva ho meinte om dei, om Quisling og Hitler og heile ”kostebinderiet”!
Under krigen kom NS-folk med eit bilde av Quisling som vi vart pålagt å ha hengande i telefonrommet. Dette vart da også hengt opp – i ei snor! Det hang vanlegvis med baksida fram, men vi var påpasselege med å snu det når tyskarar eller NS-folk var i anmarsj!!
Ein kan med rette undrast på at ho mor fekk ”gå fri”. Grunnane kan vel vere fleire, men for det fyrste var ho ikkje direkte involvert i noko motstandsarbeid slik at ho kunne bli hekta for det, og dessutan var ho truleg godt akta og respektert blant folk flest – også dei på ”feil side”. Kanskje hjalp det også at ho sat i den nøkkelstillinga ho gjorde bak sentralbordet? Dei fleste – uansett ståstad – hadde frå tid til anna behov for å få råd og hjelp av henne.
- men krigen heldt fram
med rasjonering, krisevarer og krisetiltak av ulike slag. Meir enn nokon gong viste telefonsentralen seg nå å vera ei økonomisk velsigning!!
Butikkhyllene var tome for dei fleste varer, og det som fanst, var stort sett rasjonert. Kvar husstand fekk tildelt sitt sett med rasjoneringskort . Det var spesialkort for dei ulike vareslag – for mjøl, kaffe, sukker, sko, tobakk, brennevin osv.
Rasjoneringsmerka vart i seg sjølv ei handelsvare: Folk handla med- og bytte rasjoneringsmerke seg imellom alt etter behov.
Nokså snart måtte vi venje oss til ymse slags kriseprodukt. Det vart produsert og selt erstatning for alt mogleg, så som kaffe, sukker, tobakk og såpe for å nemne noko.
Krisekaffen var nok heller dårleg, så her vart det spedd på med brent erter både for å dryge kaffen og for å setje meir smak. Dessutan ”kokte vi på gruten” – det stod alltid ein kjele med gammal kaffegrut i vatn på komfyren. Dette vatnet vart blanda inn når ny kaffe skulle kokast.
Eitt er sikkert: Vi på Solhaug leid inga naud under krigen.
Ho mor var flink til å skaffe til vegs både mat og klede.
Vi hadde ku, og ho mor separerte, ysta og kinna. Husdyrhaldet gjorde i det heile tatt at vi var sjølvforsynt med kjøt, flesk, egg og delvis mjølk. Av sauene fekk vi noko kjøt, men fyrst og fremst ull som ho mor leverte og fekk tilbake som ullteppe, garn og tøy.
Vi minnest at ho mor jamt sat inne med eit stort lager av trådsneller og god såpe som ho kjøpte inn av omreisande skreppkremmarar. Desse varene selde ho vidare til kvinnfolk i bygden eller bytte bort i andre varer. Litt økonomisk utbyte vart det kanskje dersom ein ser bort frå serveringa som desse ”kundane” gjerne fekk når dei var innom – - -.
I det heile tatt utvikla det seg etter kvart ein ikkje uvesentleg ”indre marknad” for bytehandel av alle vareslag – dei fleste var i manko for eitt eller anna som andre kanskje kunne avsjå. Alle hjelpte kvarandre solidarisk.
Under krigen var det dårleg tilgang på såpe og andre reingjeringsmiddel. Det som fanst, var krisevarer av dårleg kvalitet, blant anna ei grøn toalettsåpe som gjekk under namnet B-såpe. Både vi og mange andre kokte såpe av feitt og kaustisk soda. (Ein gong fekk forresten ho mor ein sjølsturta gris til såpekokinga!) Oppi eldhuset var det ei stor jerngryte (ystpanne) der såpa vart kokt, og så kunne vi skjera av bitar etter behov. Denne såpa vart brukt til all salgs reingjering: husvask, oppvask, klesvask, ja til og med kroppsvask. PRAKTISK!
Det meste som skulle til av klede, vart heimesydd. På butikkane vart det den tid selt stoff av ulike slag metervis. Rykta gjekk fort når han Sverre eller han Johan hadde fått inn nytt stoff. Vi var så heldige at vi hadde sydame (Ruth) i huset. ”Oppå søre” gjekk den gamle handdrivne Singer’n så golvet rista når ho sette i gang. Produksjonen gjekk for fullt, ikkje berre til husets folk, ho Ruth sydde til ”heile bygden”.
Spesielt på slutten av krigen kom det fallskjermsilke på marknaden. Dette var eit biprodukt av den auka ”dropp”-aktiviteten i denne perioden. Silken kom i store gule flak. Desse vart så farga i ulike fargar. ”Ingen” visste sjølvsagt kvar stoffet kom frå – brått var det berre der – -. Men etter kvart vart det i alle fall mange fargerike plagg og sjå på bygda!
Utover våren i 1945 forstod alle – også tyskarane – kva veg det gjekk med ”Det tredje rike”. Soldatane vart stadig meir molefonkne – for dei var nok framtida meir enn uviss.
Dei heldt hus blant anna i skulehuset, nærmaste naboen til Solhaug. Der hadde dei etablert eit slags ”storkjøkken”. Ein dag denne våren kom dei heim til oss berande på ein stor kjele med lapskaus som vi skulle få – sikkert som ein slags ”takk for godt naboskap” oppi alt det vonde.
Vi på Solhaug tok forresten freden noko på forskot. Det hadde seg slik at vi feira fødselsdag (Kjell 7 år) den 28. april. Ho mor var godt orientert omkring krigssituasjonen, og fann like godt fram norske flagg til oss. Og heile selskapet var med eitt ute i friluft med full feiring!
Vi minnest at tyskarar som gjekk forbi, berre lest som ingen ting – dei visste like godt som oss kva situasjonen var, og hadde vel meir eller mindre resignert. Dette var altså om lag to veker før krigen offisielt var slutt – -.
Og vi gløymer vel heller ikkje den dagen ”herrefolket” pakka saman og forlét Sjoa.
Det var ein tafatt og lite militær gjeng som gjekk oppover Kolomoen for siste gong. På den eine sida var dette ei gledens stund, men det var nok samtidig også litt vemodig. Folk pusta letta ut etter fem tunge år, men samtidig vart det liksom litt ”tomt” ikring oss – -.























































































































































![Reslokken[1] Reslokken[1]](http://sjoahistorie.com/wp-content/uploads/2011/04/Reslokken1-150x150.jpg)




















































